mandag 8. september 2008

Haust

Etter ein travel fredag og laurdag, så hadde vi ein koseleg og roleg heime-søndag i går. Når vi tok kveld i går kveld, så var huset rydda og vaska, og litt av hausten hadde fått koma inn.


Å stå opp mandag morgon til eit fint og ryddig hus er jammen eit bra utgangspunkt for ei ny veke;) Med to unger, full jobb i turnus og manger ballar og lufta er det ikkje alltid at det er sånn... Må nytast:)

Kjenner at eg trivs med at det er haust. Likar denne tida. Blir inspirert til å fornya litt inne og ute. Kanskje eg skal ha meg ein tur på hagesenteret i dag....hmmm....
Ha ei fin veke!
TONE:)

fredag 5. september 2008

Lyseblå detaljer

Liker lyseblått altså:) Ellers er eg vel egentlig ganske forsiktig med farger.... (Overforsiktig vil kanskje nokon sei...;)) Men nokre lyseblå detaljer syns eg gjør seg i alt det ellers kvite og brune. Det går litt igjen rundt i heile huset...

Lyseblå skåler fra Ikea. Trur nesten eg skulle hatt nokre fleir...:)
Bilder med lyseblå detaljer (malt av meg). Har ei stund egentlig hatt ein plan om å mala noko nytt...og kjenner eg meg sjølv rett, så blir det i samme fargeskala det og - kvit-beige-brun-lyseblå;)
Hmm, ikkje så lett å ta bilde av ei rekka med bilder...
Og så på soverommet. Denne klokka har Belbertn hatt heilt siden han var liten gut og hadde den på barnerommet. Den bråker noko EKSTREMT! Både tikking og takking og ringing! Så den er BARE til pynt *hehe*
Og så påhobbyrommet. Her et lyseblått teppe (det og fra Ikea). Og så kjøleskap- karaffel fra Eva Solo.
Ikkje usansynlig at det kjem meir lyseblått i hus ein dag;)
God helg! TONE:)

onsdag 3. september 2008

Ståltråd-hjerter

Eg bestilte nokre småting fra Panduro her for ei lita stund sidan. Og der i blandt nokre hjerter...Hadde ikkje nokon plan for kva eg skulle bruka dei til, men det har vist seg at dei kan brukast til mykje:) Har allereie brukt eit hjerte i ein blom, eit på eit skilt, eit på ei scrappe-side og eit på eit kort. Har også sett fleire moglegheiter, men må jo bergensa meg litt;)


Hjerte-blom med hjerte-pynt...
Helsar hjertleg velkomen på trappa:)

onsdag 27. august 2008

Ein krok for alt!




Hobbygjesterommet - det blei ein suksess!


Roterommet som blei tømt og malt kvitt. er no møblert og tatt i bruk:)


Vi trivs! Det blei koselig, og det blei praktisk;) Hyller og pulter er EXPEDIT fra IKEA. Det er stort sett det einaste som er nytt. Resten er ting som er blitt omplassert fra andre stader i heimen.


Her er det ein krok for alt: Kvar sin arbeidskrok for mor og far, lesekrok og sove/kosekrok.


"Senga" er to madrasser som er lagt opp på kvarandre. Pluss nokre dyner som vi har ekstra og er plassert under pleddet, dermed tar dei ikkje plass, og det blir mjukt og godt.
Syns du den ser litt kort ut?? Jepp - den er 177 cm - men egner seg supert for sju åringar på overnatting - då lagar vi dobbelseng - og det blir god plass. Ungane digger "det nye rommet" - som dei kallar det. Her er bøker og puslespill lett tilgjenglig, det er god plas å tegna og der er kos å ligga i putene.

lørdag 23. august 2008

Litt ommøblering igjen...;)

Kva gang eg har litt ommøblering på gang, så er Belbertn nervøs for at vi skal få ei minimalistisk stua uten møblar og med ekko... Eg skjønar ikkje kor han har det i fra?! Og no har eg til og med fylt på med fleire ting! Sist gang var det ei kvit kista, og no ein kommode:) Planen var å bytta ut ein kommode med ein annan, men så fekk dei bli begge to!

Den lave skulle ut og den høge inn... Hadde ingen plan om at det skulle bli sånn som detta! Men syns det blei fint altså! Og så fekk eg plass til den kule skrivemaskina (kjøpt av Belbertn på loppemarked for 500 kr!!) Lykta i vinduskarmen fekk eg til bursdagen for et par veke sidan. Likte den SÅ godt! Har allerede "budd" fleire plassar rundt om kring i huset - passar overalt.

Hm...skulle egentlig hatt fyr på lysa mine - men Belbertn er reist på byn, og har etterlatt meg ensom og uten lighter... MEN det betyr at eg med god samvittighet kan bruka resten av lørdagskvelden til å rydda og ommøblera i skuffer...;)

Ha ei fortsatt god helg!!

fredag 8. august 2008

Jippi- har fullført et lite prosjekt!



Er VELDIG god på halvgjorte ting... No har eg ein ting på listo eg kan stryka:) Har nemlig malt ferdig rekkverket på terrassen. Har riktig nok ikkje stått halvgjort så lenge, men unger, 30 grader plus, mye jobbing, og diverse andre faktorer har gjort sitt til at det må tas litt no og litt då. Og så er det MASSE arbeid med et rekkerk - ihvertfall meir enn eg ser for meg når eg begynne - plukkarbeid!


Men no er det gjort, og eg er kjempefornøyd, blei mykje triveligare:)
Det får vera dagens innsats... Det er fredagskveld, ungane i seng, og Belbertn er på farten. No skal resten av kvelden nytast med beina på bordet;)
God helg!!

torsdag 7. august 2008

Har ommøblert ;)



Hadde egentlig masse kjedelig rydding og husarbeid å gjøra i kveld.............MEN.........frista ikkje et sekund! Så då måtte eg jo finna på nåkke VIKTIG å gjøra, sånn at eg ikkje hadde tid å gjøra alt det andre! Så dermed har eg ein krok i stuo, som er ryddig, koselig og som ser heilt anderledes ut enn før i dag, eg har litt (forbigående) vondt i ryggen, og ein sofa uten støv bak (sannsynligvis og forbigående...). ER SUPER FORNØYD:)




Det var vel verd å utsette kjedelig rydding og vasking for dette:) Men samtidig skulle eg ønske at det var like koselig overalt i huset ... Men kanskje eg blir inspirert til fleire skippertak no ;)



Denne kisto var trekvit, i finer, og utgått på dato. Har fått nytt liv med litt maling:) Ei korg til interiørbladene mine (og kanskje Belbertn er heldig og får plass til et bilblad eller to og....) Måtte ut på trappo for å finna denne lykto, og då fekk nåkken steina bli med inn og..... No blei det litt tomt på trappo...hm...på tide å shoppa litt...?



Og til slutt litt kveldsstemning!! Kjenner at eg faktisk gleder meg til mørke kvelder, masse stearinlys, sitte under pleddet i sofaen, mens det regner og blåser ute... MEN, for all del, det har ingen hast! Tar gjerne fleire dager på strando enno ;)

mandag 7. juli 2008

Operasjon "få huset på stell"...

Første dag i ferien:) Og dagens målsetning var å få huset skikkelig på stell... Huset bærer preg av at vi har hatt det supertravelt i det siste. Har heile tiden bare fått tatt det mest nødvendige. Litt her og litt der... No ønsker eg meg et hus som er ferdig rydda og vaska, over alt på ein gang;)


Hadde tenkt å ta et LANGT skritt i den retningen i dag... Men det blei vel et heller lite skritt... Men ihvertfall i RIKTIG retning;)



Ein kaffi pause hører med til husavasken;)


Ellers så var IKEA turen forrige veke vellykka :D Eg blir kjempe fornøyd!! Litt montering gjenstår, så kommer det bilder av resultatet!

mandag 30. juni 2008

Med blanke ark...



Har et par små rom på loftet... sjøl om de er små, så gir det oss masse meir plass.He he...hadde vi bare klart å bestemma oss for ka vi egentlig skal bruka de til... Vi har budd i huset vårt i snart 7 år, og det er på tide å bestemma seg! Dette rommet har sånn litt om ein an vert gjesterom, datarom, hobbyrom og roterom... Ja, egentlig mest roterom;) Og det har aldri vert fint! Her har alt rask som har vert tilovers havna... Men NO skal det bli andre boller! Panel, strie, takplater og ikkje minst furugulv, alt har fått ein god runde med maling....jippi!
Etter bildene blei tatt har gulvet fått et strøk til med maling. Så no er det klart til det gøyeste: møblering og pynting:)
Konklusjonen er klar - det skal bli gjestehobbykontorrom! Forhåpentligvis er innredningsplanen min god, og rommet blir praktisk og koselig - og aldri meir "roterommet" :)
I måro skal eg på IKEA!
Forts. følger ;)

søndag 29. juni 2008

Oppsann! Eg har fått meg blogg...






Eg har lenge vært ein ivrig interiørblogg-lesar. Og fristelsen blei for stor, eg bare MÅTTE få min egen blogg... Og her er eg! Har et snev av prestasjonsangst... Det er så mange flotte innlegg fra fantastiske heimar og hagar! Liksom litt å leva opp til :) Eg vil blogga om ting rundt meg som gjør meg glad og får meg til å trivast! Eg likar at ting skjer;) Må alltid ha et lite eller stort prosjekt på gang, mala litt, ommøblera, finna ny plass til gamle ting, drømma om korleis eg vil ha det...både oppnåelige og uoppnåelige drømmar..hehe;) Gjøra ting på min måte og setta mitt preg på omgivelsane mine:) Innlegg med pågåande prosjekt kjem!!