mandag 8. september 2008

Haust

Etter ein travel fredag og laurdag, så hadde vi ein koseleg og roleg heime-søndag i går. Når vi tok kveld i går kveld, så var huset rydda og vaska, og litt av hausten hadde fått koma inn.


Å stå opp mandag morgon til eit fint og ryddig hus er jammen eit bra utgangspunkt for ei ny veke;) Med to unger, full jobb i turnus og manger ballar og lufta er det ikkje alltid at det er sånn... Må nytast:)

Kjenner at eg trivs med at det er haust. Likar denne tida. Blir inspirert til å fornya litt inne og ute. Kanskje eg skal ha meg ein tur på hagesenteret i dag....hmmm....
Ha ei fin veke!
TONE:)

fredag 5. september 2008

Lyseblå detaljer

Liker lyseblått altså:) Ellers er eg vel egentlig ganske forsiktig med farger.... (Overforsiktig vil kanskje nokon sei...;)) Men nokre lyseblå detaljer syns eg gjør seg i alt det ellers kvite og brune. Det går litt igjen rundt i heile huset...

Lyseblå skåler fra Ikea. Trur nesten eg skulle hatt nokre fleir...:)
Bilder med lyseblå detaljer (malt av meg). Har ei stund egentlig hatt ein plan om å mala noko nytt...og kjenner eg meg sjølv rett, så blir det i samme fargeskala det og - kvit-beige-brun-lyseblå;)
Hmm, ikkje så lett å ta bilde av ei rekka med bilder...
Og så på soverommet. Denne klokka har Belbertn hatt heilt siden han var liten gut og hadde den på barnerommet. Den bråker noko EKSTREMT! Både tikking og takking og ringing! Så den er BARE til pynt *hehe*
Og så påhobbyrommet. Her et lyseblått teppe (det og fra Ikea). Og så kjøleskap- karaffel fra Eva Solo.
Ikkje usansynlig at det kjem meir lyseblått i hus ein dag;)
God helg! TONE:)

onsdag 3. september 2008

Ståltråd-hjerter

Eg bestilte nokre småting fra Panduro her for ei lita stund sidan. Og der i blandt nokre hjerter...Hadde ikkje nokon plan for kva eg skulle bruka dei til, men det har vist seg at dei kan brukast til mykje:) Har allereie brukt eit hjerte i ein blom, eit på eit skilt, eit på ei scrappe-side og eit på eit kort. Har også sett fleire moglegheiter, men må jo bergensa meg litt;)


Hjerte-blom med hjerte-pynt...
Helsar hjertleg velkomen på trappa:)