onsdag 27. august 2008

Ein krok for alt!




Hobbygjesterommet - det blei ein suksess!


Roterommet som blei tømt og malt kvitt. er no møblert og tatt i bruk:)


Vi trivs! Det blei koselig, og det blei praktisk;) Hyller og pulter er EXPEDIT fra IKEA. Det er stort sett det einaste som er nytt. Resten er ting som er blitt omplassert fra andre stader i heimen.


Her er det ein krok for alt: Kvar sin arbeidskrok for mor og far, lesekrok og sove/kosekrok.


"Senga" er to madrasser som er lagt opp på kvarandre. Pluss nokre dyner som vi har ekstra og er plassert under pleddet, dermed tar dei ikkje plass, og det blir mjukt og godt.
Syns du den ser litt kort ut?? Jepp - den er 177 cm - men egner seg supert for sju åringar på overnatting - då lagar vi dobbelseng - og det blir god plass. Ungane digger "det nye rommet" - som dei kallar det. Her er bøker og puslespill lett tilgjenglig, det er god plas å tegna og der er kos å ligga i putene.

lørdag 23. august 2008

Litt ommøblering igjen...;)

Kva gang eg har litt ommøblering på gang, så er Belbertn nervøs for at vi skal få ei minimalistisk stua uten møblar og med ekko... Eg skjønar ikkje kor han har det i fra?! Og no har eg til og med fylt på med fleire ting! Sist gang var det ei kvit kista, og no ein kommode:) Planen var å bytta ut ein kommode med ein annan, men så fekk dei bli begge to!

Den lave skulle ut og den høge inn... Hadde ingen plan om at det skulle bli sånn som detta! Men syns det blei fint altså! Og så fekk eg plass til den kule skrivemaskina (kjøpt av Belbertn på loppemarked for 500 kr!!) Lykta i vinduskarmen fekk eg til bursdagen for et par veke sidan. Likte den SÅ godt! Har allerede "budd" fleire plassar rundt om kring i huset - passar overalt.

Hm...skulle egentlig hatt fyr på lysa mine - men Belbertn er reist på byn, og har etterlatt meg ensom og uten lighter... MEN det betyr at eg med god samvittighet kan bruka resten av lørdagskvelden til å rydda og ommøblera i skuffer...;)

Ha ei fortsatt god helg!!

fredag 8. august 2008

Jippi- har fullført et lite prosjekt!



Er VELDIG god på halvgjorte ting... No har eg ein ting på listo eg kan stryka:) Har nemlig malt ferdig rekkverket på terrassen. Har riktig nok ikkje stått halvgjort så lenge, men unger, 30 grader plus, mye jobbing, og diverse andre faktorer har gjort sitt til at det må tas litt no og litt då. Og så er det MASSE arbeid med et rekkerk - ihvertfall meir enn eg ser for meg når eg begynne - plukkarbeid!


Men no er det gjort, og eg er kjempefornøyd, blei mykje triveligare:)
Det får vera dagens innsats... Det er fredagskveld, ungane i seng, og Belbertn er på farten. No skal resten av kvelden nytast med beina på bordet;)
God helg!!

torsdag 7. august 2008

Har ommøblert ;)



Hadde egentlig masse kjedelig rydding og husarbeid å gjøra i kveld.............MEN.........frista ikkje et sekund! Så då måtte eg jo finna på nåkke VIKTIG å gjøra, sånn at eg ikkje hadde tid å gjøra alt det andre! Så dermed har eg ein krok i stuo, som er ryddig, koselig og som ser heilt anderledes ut enn før i dag, eg har litt (forbigående) vondt i ryggen, og ein sofa uten støv bak (sannsynligvis og forbigående...). ER SUPER FORNØYD:)




Det var vel verd å utsette kjedelig rydding og vasking for dette:) Men samtidig skulle eg ønske at det var like koselig overalt i huset ... Men kanskje eg blir inspirert til fleire skippertak no ;)



Denne kisto var trekvit, i finer, og utgått på dato. Har fått nytt liv med litt maling:) Ei korg til interiørbladene mine (og kanskje Belbertn er heldig og får plass til et bilblad eller to og....) Måtte ut på trappo for å finna denne lykto, og då fekk nåkken steina bli med inn og..... No blei det litt tomt på trappo...hm...på tide å shoppa litt...?



Og til slutt litt kveldsstemning!! Kjenner at eg faktisk gleder meg til mørke kvelder, masse stearinlys, sitte under pleddet i sofaen, mens det regner og blåser ute... MEN, for all del, det har ingen hast! Tar gjerne fleire dager på strando enno ;)